| Listene til partia: Arbeidarpartiet – Framstegspartiet – Høgre – Politisk uavhengig liste – Senterpartiet – Sosialistisk Venstreparti På denne sida kan du som politikar og veljar i Solund legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Solund på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.
Så ebber valkampen ut...Skrive av: Ole Gunnar Krakhellen, ordførarkandidat for Solund Høgre No har eg stått på min siste stand for denne valkampen, eg har delt ut brosjyrer, spandert Høgre sine “andre bollar” og kaffi, og sist, men ikkje minst så har eg prata med folk som ynskte det. Ein kan kanskje til tider stille seg spørsmålet kvifor ein gjere dette. Det er no vel eigentleg berre snakk om å vere sjølvopptatt og sjølvpromoterande? Nei, det er ikkje slik det er. Valkampen er den tida då politikarar og kandidatar skal stille seg til veljarane sin disposisjon. Vi skal vere synlege og vi skal seie kva vi meiner. Solund - vindens rike..skal det også bli vindmøllene sitt rike? I Solund er det konsesjonssøkt 3 vindmølleparkar, det eine anlegget åleine vil beslaglegge bortimot halve arealet på øya med nest mest folk – Ytre Sula. Dette er Sula Kraft sitt anlegg med 39 møller. På same øy er det konsesjonssøkt eit lite anlegg på 3 møller. På hovudøya har SAE Vind konsesjonssøkt eit anlegg med 55 møller, som blant anna vil delvis beslaglegge utmarksområdet til den største garden i Solund. Vindkraftutbygging i SolundSkrive av Otto Einen, 2.kandidat for Solund Høgre Som eitt av få parti i Solund, har Solund Høgre tatt eit standpunkt i spørsmålet om vindkraftutbygging. Etter å ha vekta negative og positive sider ved vindkraft har vi sagt at vi er positive til ei utbygging av vindkraft i kommunen. Bakgrunnen for dette er at vi meiner å sjå større fordelar enn ulemper ved ei utbygging. Vi treng attraktive og sjønære bustadfelt i SolundSkrive av: Ole Gunnar Krakhellen, ordførarkandidat for Solund Høgre Solund kommune har eit fortrinn som står klare fram enn nokon anna, vi har nærleik til sjø. Vi som har vokse opp her ute er vande til å ha sjøen rundt oss, og vi er knytt til den. Då er det klart at det må tilretteleggast for at vi skal kunne byggje og bu på attraktive og sjønære tomter. Eg trur det må innrømmast at innsatsen frå kommunen si side her har vore for dårleg. Tilrettelegging av bustadfelt er ein jobb ein aldri heilt er ferdig med. Når eitt felt er ferdigregulert bør ein meir eller mindre begynne og arbeide på det neste. Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane. Solund tek ungdommen på alvor, men tek Firda Solund på alvor?Skrive av: Ole Gunnar Krakhellen, ordførarkandidat for Solund Høgre Firda har gjort ein god jobb med å sjå over kva kommunar som har tatt ungdom med seg på sine lister. I sitt oversyn over prosentandel ungdom som er 25år eller yngre blant listekandidatane, har dei særleg framheva Flora. Det er ikkje tvil om at partia i Flora har gjort ein kjempejobb med å få med seg ungdom på listene sine, heile 9.5% av kandidatane er 25år eller yngre. Det som vert nemnt meir i ein bisetning frå Firda si side, er det faktum at Solund har same prosentandel av ungdom på sine lister. Solund Høgre har 2 kandidatar som er 25år eller yngre, inkludert underteikna som i tillegg er ordførarkandidat for partiet. Dette er 5-åringane sin skulevegDette er 5-åringane sin skuleveg Under denne overskrifta kan ein i dag 25-8, lese på Firda si nettside om eit Vindkraft i Solund.I Solund er det to selskaper som har søkt om konsesjon for utbygging av Nok er nok !I sak etter sak kjem Vestlandet dårlig ut i forhold til det sentrale Solund Frp jobber for å få prioritert brua over Ytre Steinsund no.Solund kommune er ein rein øykommune der me er prisgitt offentlige Hald privat-interessene unna Fjord1!Raudt Sogn og Fjordane vil at Fjord1 skal vere styrt av interessene til brukarane, lokalsamfunna og arbeidstakarane. Difor går vi mot at det private Mørefirmaet Havila skal få kjøpe deler av selskapet. Ei slik privatisering vil gje snevre bedriftsøkonomiske vurderingar sterkare plass i selskapet. Eller som Negotia-tillitsvalt i Fjord1, Daniel Nedrelid, seier i avisa Firda 18. aug.: ”Havila gjer ikkje dette for å vere snille. Dei er på jakt etter å tene pengar.” Det vil vere ein politisk tragedie dersom dei raudgrøne på fylkesutvalsmøtet i morgon og fylkestinget 25. aug. bryt med det mange har oppfatta som eit varemerke; styrke den offentlege eigarskapen for å styrke folkestyret. Dersom Raudt hadde vore på fylkestinget, ville vi ha teke til motmæle mot dette knefallet for private profittinteresser. Fylkesbåtane (Fjord1)Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen! Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane. Politikk – berre store visjonar?Av Ole Gunnar Krakhellen, ordførarkandidat for Solund Høgre I Solund er det seks lister til kommunevalet i haust. Det vil seie at over 10 prosent av veljarane er listekandidatar. Når vi som kandidatar har takka ja til å stå på listene har vi nok tenkt gjennom kvifor vi ynskjer å stille til val. Dette gjeld spesielt for dei av oss som står øvst på desse listene, nokre av oss kallar oss endåtil ordførarkandidatar. Eg er ein av dei som har stilt til val som ordførarkandidat, og eg stiller for Solund Høgre. I prosessen fram til at eg tok på meg dette, tenkte eg gjennom kvifor eg eventuelt burde takke ja, og kva eg kan bidra med. Dei tankane eg då gjorde meg, meiner eg at veljarane i Solund også burde få eit innblikk i. Ein trygg og verdig eldreomsorg med Solund Frp.Solund Frp vil ta grep om eldreomsorgen og gjere Solundheimen om til ein heim etter Lotte-modellen frå Danmark. Det handler om å fjerne institusjonspreget. Dei ansatte trenger ikkje gå rundt Solund må få nytte meir av strandsona si til bygging.Å bu i ein kommune med 1700 øyer holmer og skjær er noko innbyggerene Trygge lokalsamfunn - også i Solund*Den siste tida har det vore fokus på politidekninga i Sogn og Fjordane. Her har det vore sett fokus på manglande finansiering av politibåt langs kysten vår samt sommarstengte lensmannskontor. Skal vi kunne tilby innbyggjarane gode tenester og trygge lokalsamfunn så er tilgang til politi viktig. * Ut frå politiet sine eigne berekningar burde ein ha 2 politistillingar per 1000 innbyggjar (kjelde: https://www.politi.no/vedlegg/rapport/Vedlegg_561.pdf). Det er ikkje mange år sidan at dette ikkje berre var ei målsetjing, men ein realitet i Solund. Ved Solund lensmannskontor var det ein lensmann og ein lensmannsbetjent som hadde både kontorstad og bustadsadresse i Solund. Ein situasjon innbyggjarane var tilfreds med. Ambisjonar for den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane!Sogn og Fjordane står føre ein drastisk nedgang i elevtal i den vidaregåande skulen i dei komande åra. Det er rett og slett for mange bygg og for mange klassar i høve elevtalet. Enkelte meiner at heile fire vidaregåande skular må vekk. Høgre ynskjer å sjå på dette som ei utfordring meir enn som eit problem. Og då må vi som skuleeigar ha større ambisjonar for skulane våre og auke attraktiviteten til desse. Vår fylkesordførarkandidat Noralv Distad har lansert Høgre sin programfesta tanke om å gjere skulevalet friare, og gjere det enklare for elevar frå andre fylke å gå på vidaregåande skule i Sogn og Fjordane. Vi er visse på at vi har så mange gode fagmiljø, så mange flinke lærarar og så godt omdømme at vi skal kunne klare å tiltrekke oss ein heil del elevar frå andre fylke. Ja kanskje frå andre land til og med? Solund treng handlingsromFredag 24. juni var Sogn og Fjordane Høgre sin fylkesordførarkandidat, Noralv Distad, på besøk til Solund. I løpet av dagen var han med på fleire bedriftsbesøk og dagen vart avslutta med eit ope temamøte om samferdsle og næringspolitikk. Med på rundturen var mellom anna lokallagsleiar og ordførarkandidat for Solund Høgre, Ole Gunnar Krakhellen. Tilbakemeldingane frå innbyggjarar og næringsliv var heilt klare: -Vi treng handlingsrom og infrastruktur. - For Solund kommune er gode kommunikasjonar og ein skikkeleg infrastruktur veldig viktig. Difor inviterte vi vår fylkesordførarkandidat til Solund slik at vi kunne syne han rundt i kommunen og tydeleggjere utfordringane vi har, men ikkje minst moglegheitene vi har, seier ordførarkandidat Ole Gunnar Krakhellen. Ta grep om valkampen i Firda
I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir. Les meirVal 2011 Solund
Følges av 26 medlemmer.
Val 2011 Gulen er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Gulen. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen Val 2011 Solund er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||